Kva er Mandriva Linux? | Finn ressursar
Mandriva Linux er …

Ein Linux-distribusjon …

Mandriva Linux er ein Linux-distribusjon som vart starta i 1998.

Basert på fri programvare

Mandriva Linux ønskjer ha dei beste komponentane basert på fri programvare. Alle pakkane i pakkelagera «main» og «contrib» har friprog-lisensar. Ikkje-frie komponentar som tillèt offentleg distribusjon vert lagde i pakkelageret «non-free». Pakkar som ikkje oppfyller desse vilkåra vert fjerna. Tilgangen til ikkje-fri programvare bør berre vera ein måte å gjera livet lettare for brukarane på. «Free»-versjonen av Mandriva Linux inneheld berre fri programvare.

Lett å bruka

Mandriva Linux vart laga for å hjelpa nybegynnarar å ta i bruk Linux. Mandriva Linux inneheld derfor installasjons- og oppsettverktøy for å gjera Linux-opplevinga så enkel som mogleg. Globale pakkereglar fokuserer på pakkekvalitet, og gjev verktøy, eksempel, bruksrettleiingar og malar for å hjelpa vidarekomne brukarar i dagleg administrasjonsarbeid.

Eit samarbeidsprosjekt

Utviklinga av Mandriva Linux er basert på arbeid gjort av Mandriva-fellesskapet – ei blanding av lønna utviklarar og frivillige bidragsytarar. Globale spesifikasjonar er resultatet av globale diskusjonar. Fellesskapet er ansvarleg for testing, pakking og omsetjingsarbeid.

Ikkje berre eit internasjonalt prosjekt

Mandriva Linux er omsett til meir enn 70 språk, med fleire språk på veg. Mandriva Linux-medlemmene kjem frå heile verda, og bidreg på ulike vis.

… men òg eit organisert miljø

Mandriva Linux-utviklinga held fram via eit kontinuerleg arbeid i «Cooker», og er basert på reglar for høvisk framferd og for pakking av program, samt verktøy som Bugzilla, SVN og git. Fellesskapet er no òg organisert i Mandriva Assembly, som har som hovudmål å gjera det lettare å bidra til Mandriva, og å hjelpa brukarar, pakkarar, testarar og omsetjarar å arbeida betre saman.

Ope til bidrag frå alle

Alle komponentane som følgjer med Mandriva Linux-distribusjonen er tilgjengeleg via versjonskontrollsystem. Alle, både privatpersonar og verksemder, kan bidra til å forbetra dei.

Basert på krav til kvalitet og stabilitet

Mandriva Linux er svært oppteken av kvalitet og stabilitet i dei offisielle utgjevingane. Dette gjeld pakkane i distribusjonen, samt generelle oppdateringar, oppgraderingar og datatryggleik.

Følgjer etablerte standardar

Mandriva Linux tek sikte på å følgja etablerte standardar som gjer samspel mellom ulike system og leverandørar mogleg. To eksempel er LSB og freedesktop.org.

Samarbeider med andre friprog-prosjekt

Mandriva Linux ønskjer å samarbeida med andre friprog-miljø, og ser til at relevant arbeid vert sendt oppstraums, tilbake opphavsprogramma.

[Til toppen av sida]

Finn ressursar

Hjelpetekstar for brukarar

Mandriva Linux inneheld komplette bruksrettleiingar for både nybegynnarar og vidarekomne brukarar. Du finn òg hjelp i Mandriva-fellesskapet, blant anna i foruma, på Expert-nettstaden og på e-postlistene.

Utvikling og bidrag

Uansett kva tekniske kunnskapar du har, kan du hjelpa til i utviklinga.

Finansier Mandriva Linux-prosjektet

Du kan òg bidra ved å hjelpa til å finansiera Mandriva Linux.

[Til toppen av sida]